Magdalenefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Magdalenefjorden
Foto: Svein-Magne Tunli

Magdalenefjorden er ein fjord på nordvestkysten av SpitsbergenSvalbard, mellom Hoel-halvøya og Reusch-halvøya. Han er om lag 9 km lang og var ei viktig hamn i kvalfangst-tida. Fjorden er omgjeve av fjell på mellom 600 og 800 meter. Det er mange brear mellom fjelltoppane, men berre fire som går ned til fjorden, Adamsbeen, Gullybreen og Brokebreen på sørsida og inst fyller brefronten på Waggonwaybreen heile fjorden. På Gravneset er det fleire gravar frå sjøslag i kvalfangst-tida, og ein plakett med teksten «Svalbardfarere 1600-1750. Reist av Den norske Stat 1930». Fjorden er mykje vitja av turistskip.

Fjorden har fått namnet sitt frå bibelen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).

Koordinatar: 79°34′42″N 10°54′01″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.