Maghi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Maghi er ei sikhhøgtid til minne om «dei førti udøyelege», følgjesveinane til Guru Gobind Singh som etter å tidlegare ha svikta han, kjempa mot mogulhæren og møtte martyrie i Muktsar. Guru Gobind Singh signa dei og sa dei hadde oppnådd mukti, frigjering. Sikhane markerer dagen ved å vitja gurudvaraer og høyra kirtan, sikhymner. Særskild mange vitjar Muktsar denne dagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.