Magnetisk levitasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leviterande pyrolytisk karbon.

Magnetisk levitasjon eller maglev er heving av ein lekam ved hjelp av magnetfelt, slik at han kan røre seg utan friksjon. Magnetisk trykk vert nytta til å motverke effektane av gravitasjon og andre akselerasjonar.

Earnshaw-teoremet beviser at ved å berre nytte ferromagnetiske eller paramagnetiske stoff er det umogeleg å levitere ein lekam stabilt mot tyngdekrafta, men servomekanismar, diamagnetiske stoff, superleiing eller system som omfattar virvelstraumar gjer at ein kan oppnå den naudsynte stabiliteten.

Jarnbanar basert på dette prinsippet er i drift mellom anna i Tyskland og Japan og vert kalla maglev eller magnetbane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]