Magnetostriksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Animasjon av magnetostriksjon.

Magnetostriksjon er forandring av lengda eller volumet til eit ferromagnetisk stoff ved magnetisering, og forandring i magnetisering i eit slikt lekam pga trykk eller strekk. Dette vart oppdaga av J. P. Joule i 1847. Effekten vart først observert hos nikkel og ein del jarn-nikkel-legeringar. Den magnetostriktive effekten blir utnytta i svingarar (transducerar) for omforming av elektriske svingingar til mekaniske, og omvendt, spesielt i generatorar for høgfrekvente lydsvingingar og ultralyd, t.d. ekkolodd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

magnetostriksjon. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/magnetostriksjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]