Magnus Buflod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. oktober 2008 kl. 18:25 av NjardarBot (diskusjon | bidrag) (robot: la til skanwiki)

Magnus Buflod (20. april 190815. august 1997) var ein norsk lyrikar. Han blei fødd og budde heile livet i Trysil i Hedmark fylke. I tillegg var han var malar og felespelar, og livnærte seg som handverkar. Han var gift med Mina, søster til Einar Skjæraasen.

Han gav ut desse diktsamlingane:

  • På leiting - eige forlag (1934)
  • Dagrand - Noregs Boklag (1942)
  • Elva går opp - Ansgar Forlag (1948)
  • Enno ein morgon - Noregs Boklag (1965)
  • Frå havet kjem elva att - Noregs Boklag (1970)
  • Før frosthogget fell - Noregs Boklag (1976)

I tillegg er han representert i flere norske diktanalogier. Fleire av dikta hans har vorte sett tone til.

Han fekk m.a. Statens kunstnerstipend i 1949, Trysil kommune sitt forfatterstipend i 1963 og vart utnevnt til æresmedlem i Hedmark forfatterlag i 1989.


Bakgrunnsstoff