Einar Skjæraasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Einar Skjæraasen i 1965.
Foto: Delphin, Rigmor Dahl / Oslo Museum

Einar Skjæraasen (23. juli 190018. juni 1966) var ein diktar frå grenda Skjæråsen aust i Trysil. Han var utdanna bankmann og budde i Oslo.

Skjæraasen debuterte i 1938, og gav i alt ut sju diktsamlingar og ei bok med dikt i utval. Etter at han gjekk bort, kom ei bok med etterletne dikt.

Dei fyrste tre diktsamlingane var skrivne på riksmål, den fjerde var kløyvd mellom riksmålet og trysil-målet. Frå og med den femte samlinga, Danse mi vise, gråte min sang, var alle dikta hans på dialekt. Bøkene hans selde godt og han vart ein folkekjær lyrikar. Fleire av dikta hans er tonesette, blant andre Danse mi vise, gråte min sang, Vandringsvise og Du ska itte trø i graset.

Skjæraasen er representert i Norsk Salmebok. Han fekk Mads Wiel Nygaards legat i 1965.

Et monument over Skjæraasen, utført av Ørnulf Bast, vart avduka i Trysil den 26. juli 1970. Han har også fått ein kulturpris oppkalla etter seg, Skjæraasenprisen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Reflekser (1938)
  • Skritt forbi min dør (1938)
  • Den underlige våren (1941)
  • Så stiger sevjene (1945)
  • Danse mi vise, gråte min sang (1949)
  • Du ska itte trø i graset (1954)
  • Sju undringens mil (utvalde dikt, 1963)
  • Sang i september (1965)
  • Bumerke (etterletne dikt, 1966)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]