Magnus Hirschfeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Hirschfeld

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 14. mai 1868
Kołobrzeg
Død

14. mai 1935 (67 år)
Nice

Yrke lege, psykolog, LHBT-aktivist, skribent, filmregissør, forfattar
Språk tysk, engelsk
Politisk parti Sozialdemokratische Partei Deutschlands
Partnar Li Shiu Tong, Karl Giese
Magnus Hirschfeld på Commons
Oppmarsj av nazistiske studentar framfor Institut für Sexualwissenschaft rett før dette blei plyndra og øydelagt 6. mai 1933.

Magnus Hirschfeld (14. mai 186814. mai 1935) var ein tysk lege, sexolog, og forkjempar for homofile rettar.

Hirschfeld utvikla ein teori om at homoseksuelle kvinner og menn og mellom anna transseksuelle utgjorde eit tredje kjønn, men var også interessert i studiet av den menneskelege seksualiteten i breiare omfang. Teorien om det tredje kjønnet var inspirert av Karl Heinrich Ulrichs og Richard von Krafft-Ebing sine teoriar, sjølv om han opponerte mot degenerasjonsforklaringa til sistnemnde og i staden såg på homoseksualitet som ein normalvariasjon.

I 1897 var han med på å grunnleggja Wissenschaftlich-humanitäre Komitee som hadde som mål å jobba for homofile rettar (den første av sitt slag i verda). Eit viktig mål var å få oppheva § 175 i den tyske straffelova som forbaud homoseksuelle handlingar mellom menn, men dette lukkast ikkje i levetida til Hirschfeld. Han var formann i organisasjonen frå starten til 1929, blei ein kjend person i samtida og eit symbol på kampen for homofile rettar.

I 1919 grunnla Hirschfeld Institut für Sexualwissenschaft i Berlin. Då nazistane tok over makta i 1933 var instituttet eit av dei første offera, det blei plyndra av nazistiske studentar 6. mai og bøker frå biblioteket blei brent på Opernplatz 10. mai (det er dette bokbålet som oftast blir brukt som illustrasjon til nazistanes bokbrenning). På dette tidspunktet var Hirschfeld, som var jøde, homofil og medlem av Det tyske sosialdemokratiske partiet i utlandet i samband med ein lengre føredragsturne, og han vende aldri tilbake til Tyskland. Han døydde i eksil i Nice i 1935.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1982 blei Magnus-Hirschfeld-Gesellschaft grunnlagd av ei gruppe homofile og lesbiske med historisk interesse. Selskapet har særleg drive med forsking knytt til Hirschfeld samt historia den tyske homorørsla før 1933. Saman med ein del andre aktørar arbeider dei for å oppretta eit Magnus Hirschfeld-institutt med forsking på homoseksualitet frå eit historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv som føremål.

Magnus-Hirschfeld-Ufer i Berlin

Spelefilmen Der Einstein des Sex (1999) av Rosa von Praunheim handlar om Magnus Hirschfeld sitt liv.

Etter initiativ frå Lesben- und Schwulenverband in Deutschland e. V. (LSVD) fekk ein gangveg langs Spree ikkje langt frå Bundeskanzleramt 6. mai 2008 namnet Magnus-Hirschfeld-Ufer.

Hirschfeld har vore kritisert for sitt syn på eugenikk.