Hopp til innhald

Magnus Poulsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Poulsson

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juli 1881
Drammen kommune
Død

18. mars 1958 (76 år)
Asker

Yrke arkitekt
Far Søren Anton Poulsson
Magnus Poulsson på Commons
Oslo rådhus teikna av Arnstein Arneberg og Magnus Poulsson.
Foto: Ranveig

Magnus Poulsson (fødd 14. juli 1881 i Drammen, død 18. mars 1958 i Asker)[1] var ein norsk arkitekt. Han er særleg kjend for Oslo Rådhus og Telegrafbygninga i Oslo, begge saman med Arnstein Arneberg. Andre kjende verk er DFDS-garden i Karl Johans gate 1 i Oslo, restauranten på Folkemuseet, Eysteinskyrkja og Bærum rådhus i Sandvika.[1]

Poulsson var utdanna under Herman Major Schirmer ved Den kongelege teiknekole i Kristiania og Kungliga Tekniska högskolan i Stockholm.[1]

Utmerkingar i utval

[endre | endre wikiteksten]

Poulsson fekk Sundts premie i 1916 for ein villa i Frederik Stangs gate 16 i Oslo og Houens fonds diplom i 1925 og 1930 for respektive DFDS-garden og Bærum rådhus. Han mottok St. Olavs Orden i 1950.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Norsk kunstnerleksikon, band 3, N-So, Oslo: Universitetsforlaget, 1986, s. 231- 239 digital utgåve

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]