Drammen kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drammen kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Adm.senter Drammen
Areal 317,68 km²
 - land 309,18 km²
 - vatn 8,5 km²
Folketal 104 487  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Monica Myrvold Berg (Ap)
Kommunenr. 3301
Kart
Drammen kommune
59°44′43″ N 10°12′22″ E
Wikimedia Commons: Drammen
Nettstad: www.drammen.kommune.no

Drammen (òg kalla Dramn) er ein bykommune i Buskerud fylke. Byen Drammen ligg på begge sider av Drammenselva der ho munnar ut i Drammensfjorden. Drammen hamn er ei naturleg hamn som har vorte brukt sidan vikingtida.

Bragernes på nordsida av Drammenselva og Strømsø-Kobberviktangen på sørsida av elva vart gjeve ein faktisk, men ikkje formell status som ladestadar i eit kongebrev frå 1636. Desse to ladestadane fekk i 1715 rettar som kjøpstadar kvar for seg. Kjøpstaden Drammen vart skipa i 1811 ved at Bragernes og Strømsø vert slege saman, og dette er rekna som grunnlegginga av den noverande byen Drammen. Stiftamtmann, statsråd og lagtingspresident Marcus Gjøe Rosenkrantz (1762-1838) var ein av dei som tok initiativet til å slå saman Bragernes og Strømsø til Drammen i 1811, og difor fekk Rosenkrantzgata i dei noverande administrative bydelane Bragernes og Åssiden namn etter han i samband med at byen vart hundre år i 1911. Den 1. januar 2020 slo Drammen, Svelvik og Nedre Eiker seg saman til nye Drammen kommune.[1]

Drammen kommune har innbyggjarar, men byen har vakse slik at han strekker seg inn i nabokommunane Lier, Asker og Øvre Eiker. Tettstaden Drammen har difor 122 955 innbyggjarar per 1. januar 2023 og er dermed den femte største i Noreg.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet er ei forvansking av det gamle namnet «Drafn», som var namnet på den inste delen av Drammensfjorden, 'fn'-leddet har som på dei fleste plassane austafjells blitt til 'mn'. Vidare har det blitt sett inn ein vokal for å forenkle uttalen av 'mn'-leddet.

Bragernes kyrkje og tårnbygningane, Rådhuset til høgre og brannvakta til venstre, ved Bragernes torg
Foto: Knut Arne Gjertsen
Drammen bibliotek
Foto: Knut Arne Gjertsen
Ypsilon bru
Foto: Knut Arne Gjertsen

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Institusjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjende drammensarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Drammen kommune

Nyheiter[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]