Mahmoud Darwish
| Mahmoud Darwish | |
| Statsborgarskap | Staten Palestina |
| Fødd | 13. mars 1941 Al-Birwa |
| Død | |
| Yrke | lyrikar, skribent, Korrespondent, låtskrivar, Poet laureate, paneldebatt, omsetjar, librettist |
| Språk | arabisk, hebraisk, palestinsk arabisk |
| Politisk parti | Maki |
| Religion | Islam |
| Ektefelle | Rana Kabbani |
| Nettstad | https://darwish.ps/ |
| Mahmoud Darwish på Commons | |
Mahmoud Darwish (15. mars 1941–9. august 2008) var ein framståande palestinsk poet og forfattar. Av palestinarane vart han rekna som ein nasjonaldiktar.
Darwish vart fødd i den palestinske landsbyen Al-Birwa i Galilea. I 1948, då han var sju år gammal, måtte han og familien flykte under Al-Nakba, massefordrivinga av palestinarane, som følgde av opprettinga av staten Israel. Landsbyen vart då utsletta frå kartet. Eit år seinare var han ein av dei få av palestinske flyktningane som klarte å snike seg inn igjen til landet som no vart kalla Israel. Han vart mange gongar fengsla for politisk verksemd. Den palestinske katastrofen og lengsla etter heimlandet gjekk tydeleg fram i dikta og verka hans.
Ei av diktsamlingane hans, Hvorfor lot du hesten bli igjen alene, er utgjeven på norsk (bokmål), på Solum Forlag.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettside på engelsk Arkivert 2006-06-28 ved Wayback Machine.