Majdan-plassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 50°27′0″N 30°31′27″E

Majdan-plassen i juli 2017.
Kart over Majdan Nezalezjnosti

Majdan-plassen (ukrainsk Майдан Незалежності, Majdan Nezalezjnosti, 'Sjølvstendeplassen') er den viktigaste plassen i sentrum av den ukrainske hovudstaden Kiev. Han ligg langs hovudgata Khresjtsjatyk i Sjevtsjenko rajon. Plassen har hatt mange namn, men blir ofte omtalt berre som «Majdan».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til plassen går tilbake til midten av 1800-talet, då den første steinbygningen i Kiev vart bygd her. I byrjinga heitte plassens Khresjtsjatytska plosjtsja (Khresjtsjatykplassen). Frå 1871 heitte plassen Dumska posjtsja (Dumaplassen), fordi Dumaen, den lovgjevande forsamlinga i byen, låg her. Etter oktoberrevolusjonen fikk plassen namnet Radjanska plosjtsja (Sovjetunionens plass), og frå 1935 Plosjtsja Kalinina (Kalininplassen) etter Mikhail Ivanovitsj Kalinin.

Dei tyske okkupantane som inntok byen den 19. september 1941 og heldt Kiev til 6. november 1943 kalla plassen Platz des 19. Septembers (19. septembers plass). Både plassen og det meste av Kiev vart rasert under Andre verdskrigen. Også dumaen vart sterkt skada, og ikkje attreist.

Plassen vart deretter ombygd i sovjetisk stil, og i 1977, til 60-årsdagen for Oktoberrevolusjonen, vart det bygd eit Minnesmerke for den store sovjetiske oktoberrevolusjonen på sørsida av plassen. Etter Sovjetunionen sitt samanbrot i 1991 vart minnesmerket fjerna.

Frå 1977 til 1991 heitte plassen Plosjtsja Zjovtnevoji revolutsiji (Oktoberrevolusjonens plass). Til tiårsdagen for Ukrainas sjølvstende i 2001 vart plassen ombygd.[1]

Sidan byrjinga på 1800-talet har han også vorte brukt til feiringar og arrangement, så vel som politiske demonstrasjonar.

Fotogalleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettstaden til arkitetkontoret som bygde om plassen Arkivert 14. mars 2014 på Wayback Machine., sist besøkt 15. februar 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]