Makhatsjkala
| Makhatsjkala | |||
| Махачкала | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Dagestan | ||
| Høgd | 10 m | ||
| Areal | 468,13 km² | ||
| Folketal | 662 660 (2023)[1] | ||
| Grunnlagd | 1844 | ||
| • Bystatus | 1857 | ||
| Postnummer | 367xxx | ||
| Retningsnummer | +7 8722 | ||
| Bilnummer | 05 | ||
![]() Makhatsjkala 42°58′57″N 47°30′18″E / 42.9825°N 47.505°E | |||
| Wikimedia Commons: Makhachkala | |||
Makhatsjkala (russisk Махачкала́, avarisk МахIачхъала) er ein by i Russland, hovudstaden i Republikken Dagestan. Han ligg på vestsida av Kaspihavet og har om lag 660 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Makhatsjkala historiske føregjengar var byen Tarki, som i dag er ein forstad, og som har ei historie som går tilbake til 1400-talet og kanskje tidlegare. Den moderne byen Makhatsjkala vart grunnlagd i 1844 som ei festning. Han fekk byrettar i 1857. Det opphavlege namnet på byen var Petrovskoje (russisk Петро́вское)—etter den russiske tsar Peter den store, som vitja regionen i 1722. Dei lokale innbyggjarane kalla han Anzhi-Qala (Jordfestninga, Qala eller Kala قلعه som tyder festning på persisk og arabisk). Byen fekk namnet Petrovsk-Port (russisk Петро́вск-Порт) i 1857 og gå Makhatsjkala i 1921. Byen vart råka av eit stort jordskjelv 14. mai 1970.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2023 года (på russisk), Rosstat, 31. juli 2023, Wikidata Q126719912
- Denne artikkelen bygger på «Makhachkala» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2008.
