Makkaur-Sandfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Makkaur-Sandfjorden
Plassering

Makkaur-Sandfjorden
70°39′15″ N 30°10′19″ E

Makkaur-Sandfjorden (nordsamisk Sáttovuotna)[1] er ein fjord på nordaustsida av Varangerhalvøya i Båtsfjord kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km vestover til Kålfjord i botn av fjorden.[2]

Fjorden har innløp mellom Korsnes i nord og Storsteinneset i sør og ligg eit stykke sør for Makkaur fyr. Bortsett frå hytteområdet Kålfjord er det ingen bygg ved fjorden. Fjorden har bratte fjordsider som stig nesten 300 meter opp frå fjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Makkaur-Sandfjorden». Faktaark / Kartverket. Henta 3. april 2018. 
  2. Makkaur-Sandfjorden på Norgeskart.no fra Statens kartverk

Koordinatar: 70°39′15.419″N 30°10′18.804″E