Malakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Malakitt
Malachite, Zaire.jpg
Malakitt frå Kongo
Generelt
Kategori Karbonatmineral
Kjemisk formel Cu2CO3(OH)2
Strunz-klassifisering 05.BA.10
Identifikasjon
Molekylvekt 221.1 g/mol
Farge Lys grøn, mørk grøn, svartaktig grøn, vanlegvis banda i massar; grøn til gulaktig grøn i transmittert lys
Krystallform Massiv, botryoidal, stalkittisk, krystallar er nålforma til tavleforma prismatisk
Krystallsystem Monoklin—prismatisk H-M-symbol (2/m) Romgruppe P21/a
Tvilling Vanleg som kontakt eller penetrerande tvillingar på {100} og {201}. Polysyntetisk tvilling finst òg.
Kløyv perfekt på {201} god på {010}
Brot Undermuslig til ujamn
Mohs hardleiksskala 3.5–4.0
Glans Diamantaktig til glasaktig; silkeaktig om trådaktig; matt til jordaktig visst massiv
Strekfarge lysegrøn
Transparens Gjennomskinneleg til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt 3.6–4
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa (–)
Brytingsindeks nα = 1.655 nβ = 1.875 nγ = 1.909
Dobbeltbryting δ = 0.254
Kjelder [1][2][3]

Malakitt er eit grønt, sekundært koparmineral som finst særs utbreitt på koparførekomstar, ofte saman med azuritt. Kjemisk sett er det eit basisk koparkarbonat, Cu2CO3(OH)2. Det krystalliserer monoklint og opptrer oftast i fibrig eller massiv form.

Einskilde stader i verda er det av tyding som koparmalm, som i Afrika, Australia, USA og Russland). Det vert òg nytta som smykkestein og til prydgjenstandar. Fint malt og slemd malakitt blir kalla berggrønt eller malakittgrønt og blir nytta som malarfarge.

Det er òg kjent i små mengder frå Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Malakitt