Maldiskusjon:Dugnad januar 2010

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er «freidig» nok til å føreslå at vi brukar eit av mine prosjekt til dugnad denne gongen. Eg har to framlegg:

  1. Hvem er hvem? – ei bok som «presenterer 1000 av de viktigste personene i alle sektorer i det norske samfunnet». Mange artiklar finst på bokmål, og i tillegg vil eg fylle på med opplysningar frå boka. Det er vanlegvis slik eg gjer det: Eg omset ein ev. bokmålsartikkel og hentar deretter inn opplysningar frå boka. Men det er jo altså ikkje noko problem å arbeide med dette sjølv om ein ikkje har boka, for lista (personar på A og B iallfall) ligg jo på lenkja ovanfor.
  2. Norske filmar er eit område vi ikkje er så sterke på. Sjå berre på alle raudlenkjene i lista. Mykje kan også her hentast frå nb:.

Kva seier de? --EIRIK\diskusjon 3. januar 2010 kl. 17:35 (CET)[svar]

Gode forslag. Hvem er hvem? verker som ei liste over viktige artiklar, så eg stemmer for den. Einig i at me har lite om film, både dei norske og elles. Kanskje me har materiale for neste månad og? --Ranveig 3. januar 2010 kl. 18:15 (CET)[svar]

No har eg lagt til ei lita innleiing, framdriftsmalar og bokstaven J på lista. --EIRIK\diskusjon 3. januar 2010 kl. 23:34 (CET)[svar]