Maldiskusjon:Dugnad oktober 2008

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er mange felt innan historie me kan bli betre på. Viss andre vil vera med på å ta tak i 1900-talet trur eg me kan vinna på det. Eg synest me særleg treng å få fyldige artiklar om viktige hendingar og personar frå dette hundreåret (ikkje berre spirer), og ein skikkeleg artikkel om sjølve 1900-talet, helst noko meir lesbart enn ei punktliste. --Ranveig 1. oktober 2008 kl. 14:40 (CEST)[svar]

Sjølve artikkelen om 1900-talet bør omtale:
  • Krig og politikk - Verdskrigane, atombomba, slutten på kolonitida, den russiske revolusjonen, den kalde krigen (inkl. Korea- og Vietnamkrigen?), kommunisme, fascisme, nazisme, stemmerett for kvinner, grunnlegginga av SN og EU
  • Kultur og underhaldning - utviklinga av film, musikk og media, nye retningar innan klassisk musikk og kunst, idrett
  • Medisin - Nye sjukdomar, narkotika, viktige framsteg innan behandling
  • Energi og miljø - Fossile brennstoff og atomkraft, aukande bruk av petroleum og dei politiske og miljømessige (forureining) dette har hatt, global oppvarming.
  • Vitskap og teknologi - Fly, bil, samleband, integrert krets og datamaskinar, romkappløpet. --Frokor 2. oktober 2008 kl. 12:15 (CEST)[svar]
Eg har begynt på denne artikkelen, og har fått med litt om somme av dei tinga Frokor nemner, men andre bør komme til unnsetning og utvide, særleg om det som ikkje er omskrive så langt. --Erling 2. oktober 2008 kl. 12:19 (CEST)[svar]
Har skrive ein bolk om kultur og underhaldning. Dei mindre bolkane er kanskje i kortaste laget og kan sikkert vere noko lenger, men ein bør kanskje unngå for mange detaljar for at ikkje artikkelen skal verte altfor lang. Men berre skriv om eller nemn noko meir om nokon føler for det. --Frokor 3. oktober 2008 kl. 12:51 (CEST)[svar]

Guns, Germs, and Steel og Collapse: How Societies Choose to Fail or Succeed av Jared Diamond er blitt ganske kjendte verk. Personleg meinar eg vi bør shanghaie nokre dyktige historieprofessorar og tvinge dei til å skrive om internasjonal handel før og etter The Conquest of the New World, industrialiseringa, då ein fann medisin imot malaria og Bretton Woods. Admiral Zheng He er viktig og imponerande, men kanskje lista over ønskjer er vel lang ifrå før av. --Krekling 2. oktober 2008 kl. 20:27 (CEST)[svar]