Maldiskusjon:Høgnorsk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Endring av malen[endre wikiteksten]

Bør malen endrast til å likna meir på Mal:Om? Denne utforminga er ganske gammal, og står kanskje ikkje i stil med resten av artiklane våre. --Ranveig (diskusjon) 8. desember 2020 kl. 19:25 (CET)[svar]

Der denne malen vert nytta samstundes med t.d. {{Om}} vert det då mogelegvis litt mykje tekst over artikkelen. Ein annan måte å gjera det på er å festa lenkja på ein annan stad, slik som {{god artikkel}} og liknande malar fester merka sine.
Me kan mogelegvis òg få opp ei ny fane for høgnorskartiklar; ein kan sjå at i den engelske wikiordboka har dei ei ekstra fane for dokumentasjon i modulnamnerommet som me ikkje har her. Det ville òg likna på løysinga dei har på Serbisk Wikipedia for å byta mellom kyrillisk og latinsk. --Njardarlogar (ordskifte) 10. desember 2020 kl. 22:24 (CET)[svar]
Eg har sett på desse løysingane og dei ser fine ut, men det verker ikkje som om dei blir synte fram i mobilversjonar. Sidan me har ein del mobiltrafikk bør me nok ta omsyn til det. --Ranveig (diskusjon) 13. desember 2020 kl. 12:10 (CET)[svar]
Mogeleg det berre er nokre endringar i stilarka som tarvst. Lyt fyrst finna ut kvar dei har gjort tilpassingane. --Njardarlogar (ordskifte) 20. desember 2020 kl. 15:31 (CET)[svar]
Inntil vidare har eg lagt inn ein versjon som liknar Mal:Om. Dersom begge malane blir brukt i ein artikkel, ser det betre ut. --Ranveig (diskusjon) 23. desember 2020 kl. 08:16 (CET)[svar]