Maldiskusjon:Kartposisjon Hordaland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det vil seg ikkje heilt til. Denne malen gjev koordinatane for dei fire sidene av kartet, slik at når ein nyttar dette kartet i malen Mal:Kartposisjon, så vert det koordinatane ein der oppgjer vist på kartet. Så koordinatane eg har gjeve som grenser kan vere feil (eg måtte ty til Google Earth, der fylkesgrensene ikkje vises), eller så er kartet feilproporsjonert i aust-vest-retning eller noko anna eg ikkje finn ut av. Posisjonen til punktet ser ut til å stemme i nord-sør-retning, men altså ikkje i aust-vest. Punktet for bygda Fitjar hamnar på Tysnes, for langt aust.--Frokor 23:37, 20 juni 2007 (CEST)

For meg ser det ut som om kartet kan vere noko skeivt (nedre venstre hjørne bikkar for mykje oppover). Bømlo ser ut til å liggje lenger vest enn Øygarden, og det stemmer ikkje med globusen. Kartet er nok ikkje tenkt brukt til slikt presisjonsarbeid, diverre. Det hadde vore knallbra om det hadde verka! --Jorunn 00:04, 21 juni 2007 (CEST)
Ja, ser det no. Får finne ei anna løysing (andre kart altså) --Frokor 00:41, 21 juni 2007 (CEST)


--Jorunn 18. juli 2008 kl. 18:32 (CEST)[svar]