Maldiskusjon:Kartposisjon Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Me skulle definitivt hatt betre kart, og helst fylkesvise kart, som me kunne nytta i staden for dette. Kommunekarta har me jo prøvd før og der stemmer ikkje proporsjonane slik at koordinatane vert feil. Det finst ganske mange fri kart tilgjengeleg, men eg har enno ikkje funne nokre som viser fylkesvis inndeling. Me skulle jo gjerne hatt kommunegrensene på eit slikt kart òg. Er det nokon som veit om slike kart? Ei løysing kan kanskje vere å finne gode kart å nytte som underlag, teikne over grensene, ta bort originalkartet og på den måten få eigne kart. Evt. kan me kanskje høyre med folka på bm om dei kan lage kart med riktige proporsjonar. --Frokor 01:31, 3 april 2008 (CEST)

Til dømes eit utsnitt frå dette.
Går det an å bruka eit satellittbilete frå WorldWind? Eg hadde opphavleg tenkt å gjera noko slikt sjølv, men blei usikker på om biletet ville få dei retter proporsjonane (og om eg kunne finna koordinatane som trengdest). Her finn me sjølvsagt korkje kommune- eller fylkesgrenser, men landegrenser går an å legga på. --Ranveig 02:10, 3 april 2008 (CEST)