Maldiskusjon:Nobelprisen i økonomi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er greitt, Ranveig! Er einig i at vi bør gjera noko med fargane, er dei som opprinneleg var på Mal:Jødedom. Kanskje vi skal ta ein oransjfarge som står i stil med medaljen? Elles har no ofte økonomi vorte forbunde med litt blålege, kalde fargar... Men det blir ikkje noka meir ordning på malen for min del i kveld iallfall. No er det sengetid! ;) --Erlend 12. jun 2005 kl. 2212 (UTC)

Ups! Skreiv visst Ranveig med to n-ar i "samandrag", beklagar... Kjenner ei som heiter Rannveig, skjønar du. --Erlend 12. jun 2005 kl. 2215 (UTC)
Hah! For ei som nyleg er blitt kalla «Revenge» er det der bare barnemat. Sidan både oransje og blå er fargar som kan passa for malen, skal me kanskje halda på dei? Så kan alle nobelprismalane ha gullfarga overskrifter og ein tematisk bakgrunnsfarge. -- Ranveig 12. jun 2005 kl. 2243 (UTC)
Hehe :) Eg vart kalla "Ireland" da eg var på utveksling eit halvår i England. Ja, det var kanskje bra med gull/bronsje overskrifter og tematisk bakgrunn! Det var eigentleg tilfeldig at det vart sånn her, berre klypte rett inn frå Mal:Jødedom. Dersom vi skal halde på desse fargane, tykkjer eg nyansane skal justerast litt iallfall. Litt mindre pastell. Men fekk det ikkje til heilt som eg ville da eg prøvde. --Erlend 12. jun 2005 kl. 2254 (UTC)

Det er uheldig å bruke Fil:Nobel_prize_medal.jpg i forbindelse med denne malen. Sveriges Riksbanks økonomipris er ikke en Nobelpris, og naturlig nok deler ikke Sveriges Riksbank ut Nobelmedaljen som er vist på bildet. Wolfram 12. jun 2005 kl. 2220 (UTC)

Nja... Det er eit diskusjonsspørsmål. Det er ikkje ein av prisane i testamentet til Nobel, men det er ein pris til minne om Nobel og blir oftast rekna som ein nobelpris. Medaljen som er vist på biletet er fysikkmedaljen. Så vidt eg kunne sjå, fanst det ikkje bilete av dei andre medaljane på Commons. Men dei andre medaljane (også økonomimedaljen!) er svært like, sjå The Nobel Medals. Derfor tykte eg det var ganske greitt å bruke denne felles, av mangel på noko betre. --Erlend 12. jun 2005 kl. 2230 (UTC)
Kanskje vi skal gjera om "økonomi" > "økonomi (minnepris)" og "Nobelprisen i økonomi" > "Minneprisen i økonomi" (samtidig som overskrifta "Nobelprisen" aller øvst blir ståande). Vil berre lufte det litt... Da blir det vel ingen som vil kunna reagere negativt lenger. --Erlend 13. jun 2005 kl. 1623 (UTC)
Eg endra namnet i malen til "Minneprisen i økonomi". Det gjev ei god signaleffekt om at prisen ikkje er heilt som dei andre. Å flytta heile artikkelen er eg ikkje fullt så glad for, det blir lett tungvint (med heile namnet) eller uforståeleg (dersom ein ikkje nemner Nobel-namnet). -- Ranveig 13. jun 2005 kl. 1947 (UTC)

Rekkjefølge[endre wikiteksten]

Skal kronologien vera baklengs eller framlengs? Eg har inntrykk av at å ha byrjinga øvst er best på norsk - men nyaste først gjer malen meir aktuelle. -- Ranveig 12. jun 2005 kl. 2243 (UTC)

Open for ordskifte på det! Eg synest det er best med dei nyaste øvst, sidan det kanskje kan vera dei ein er mest interessert i å lesa om (kan vel variere litt da, men...). Er også i tråd med det som dei siste åra har vorte ny standard for norske cv-ar. --Erlend 12. jun 2005 kl. 2258 (UTC)
Ja, i slike samanhengar tykkjer eg òg at aktuelle namn øvst er bra! :-) Olve 12. jun 2005 kl. 2259 (UTC)