Maldiskusjon:Oblastar i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kva kjønn på oblast?[endre wikiteksten]

For meg høyrest «oblast» ut som eit inkjekjønnsord, slik at denne malen burde heit «Oblast i Russland» (eller «Russiske oblast»). Ordet finst ikkje i Nynorskordboka eller hjå Språkrådet, dessverre, men Google-søk etter "eit oblast" og "ein oblast" gjev meir bruk av "eit". Er kjønnet fastsett på norsk? -- Ranveig 20. juli 2006 kl. 09:57 (UTC)

Nettet seier: «e(i)n oblast» = 734, «e(i)t(t) oblast» = 194. Mi språkkjensle seier m, men ca. 1/4 seier tydelegvis n. Trondtr 20. juli 2006 kl. 10:01 (UTC).
Kva nett seier det? Eg får mange treff på "ein oblast", men dei er som regel tyske. -- Ranveig 20. juli 2006 kl. 10:12 (UTC)
Eg veit ikkje kva som er rett, men for meg høyrest «eit oblast» rettast ut òg. --EIRIK\diskusjon 20. juli 2006 kl. 12:51 (UTC)
Fint at det ikkje berre er meg! Me kan kanskje slå oss på at begge deler er «rette». Bare ikkje nokon bruker hokjønn òg, då! -- Ranveig 20. juli 2006 kl. 14:05 (UTC)
Nettet eg viste til var Internett. Eg tenkte ikkje på tysk for dei 132 «ein oblast»-tilfella, det første var nynorsk, men ja, eg ser at dei fleste er tysk (der Oblast forresten er f.). Også «en oblast» inneheld ei feilkjelde, der «en» er nederlandsk for «og». Så til norsk: Eg trur, etter å ha smakt litt på dette, at oblast blir n. viss vi ser på det som område (eit fylke, len, oblast), men m. viss vi ser på det som eit elles uspesifisert omgrep (ein X). Bokmålswikipediaen har m., hmm. Trondtr 20. juli 2006 kl. 14:57 (UTC).
Og for å nemna nok ein feilkjelde: "et" kan vera fransk 'og'. Men "hmm" er då ein fullgod konklusjon, er det ikkje? -- Ranveig 20. juli 2006 kl. 16:23 (UTC)