Maldiskusjon:Parsisk teologi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Undermalar eller generell mal[endre wikiteksten]

Hei Arvind (og andre interesserte òg, sjølvsagt),

Eg trur undermalar kan ha noko for seg — særleg i samband med særleg vidgreina emne der vi har mange artiklar. I dette fallet er eg likevel personleg mest glad i den generelle parsisme-malen så langt — tykkjer dette gjev betre oversikt alt i alt. MEN: Det kan godt hende at eg kan lata meg overtyde — så det er ikkje nokon grunn til å gjeva opp delmal-prosjektet! Noko eg elles har eksperimentert litt med under islam, er mindre skrift nokre stader. Dette kunne kanskje vera ein ting å prøve ut her òg? Elles skal eg prøve å arbeide vidare med sikhismen så mykje eg får tid til (har det temmeleg travelt akkurat no), så kan vi samanlikne oversynsmalbruken i sikhismen og undergrupperingsmalbruken i parsismen og sjå kva vi tykkjer fungerer best når båe artikkelgruppene er meir fullstendige. Det er likevel så lett å byte ut malar at meirarbeidet blir minimalt. :-) -- Olve 4. apr 2005 kl. 2049 (UTC)

Det høyrest bra ut. Eg byrja med undermalar fordi eg ville leggja inn namna til Amesja spentaene og nokre viktige Yazataer (som eg har gjort i denne malen), men tykte at det gjorde parsisme-malen for lang, sjølv om eg brukte mindre skrift. Det blir fint å sjå forskjellige måtar å løysa det på! Arvind 4. apr 2005 kl. 2112 (UTC)