Maldiskusjon:Spire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Namnet «stubb»[endre wikiteksten]

Kvifor namnet «stubb»? Er det direkte «omsett» frå engelsk «stub»? På engelsk synest eg det er eit misvisande uttrykk (det tyder «something cut short or stunted» ifølgje Merriam-Webster), og på norsk leiar det òg tankane inn på ein «rest» som står att etter at det beste (eller det meste) er kappa bort, jfr. «skjeggstubb». Det er vel den motsette tydinga vi ynskjer: Noko som nett har byrja, men som har potensiale til å veksa seg stort og flott? Difor gjer eg framlegg om å døypa «stubb» om til «spire»!
--Verdlanco (diskusjon) 27. jan 2005 kl. 0841 (UTC)

Heilt einig! Det er mykje meir inspirerande! --Guttorm 27. jan 2005 kl. 0940 (UTC)
Oi! Den endringa skjedde fort! :-)
--Verdlanco (diskusjon) 27. jan 2005 kl. 1022 (UTC)
For å komma med litt tvisyn: Ein visestubb kan vera ei vise som ikkje har vakse seg stor enno. Slik sett er termen faktisk betre på norsk enn på engelsk! :) Men spire er no i og for seg greitt det òg... -- Olve 27. jan 2005 kl. 1640 (UTC)

Om attenderulling[endre wikiteksten]

Eirik: Eg veit ikkje heilt kvifor du rulla attende den «oppjusterte» utgåva. Biletet var fint, det smalare oppsettet passar betre inn på mange sider og totalinntrykket var meir profesjonelt såvidt eg er i stand til å sjå. Om du har gode grunnar til kvifor du såg Kristaga sin versjon som dårlegare, så kan vi gjerne diskutere det her. :) Olve 11. mai 2005 kl. 1847 (UTC)

Når Kristaga sette inn puslespelbiten kom ordet han på ei heil line for seg sjølv, dette synest eg ikkje såg så fint ut. Eirik 11. mai 2005 kl. 1904 (UTC)
Dét unngår me lett med ein   (non-breaking space). Sånn! No er det ordna!
Det er ofte lurt å byta ut mellomrom med « » før siste ord i eit avsnitt viss det er eit lite ord, og etter første ord i ei setning viss det er eit svært kort ord, som «I» eller «Å».
--Verdlanco\diskusjon 11. mai 2005 kl. 1929 (UTC)
Godt poeng du hadde der, Eirik — og fint du sa frå om det her. :-) No har eg lagt til enda fleire nbsp-ar, slik som Verdlanco allereie begynte på. Trur det skal sjå brukande ut i dei fleste skjermoppløysingane folk brukar no. Olve 11. mai 2005 kl. 2143 (UTC)