Maldiskusjon:Taksonominamn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har laga Modul:Klassifisert av sidan eg fekk bruk for han i modulnamnerommet. Om ynskjeleg kan denne malen bruka modulen med koden {{#invoke:Klassifisert av|parserkall|{{{1}}}|wikilenkje, data}}. Dette skal gje nett dei same resultata.

Modulen skal ikkje vera verre å halda ved like, og dette vert gjort på Modul:Klassifisert av/data. Kvart element er på forma data['<forkorting>'] = {'<fullt namn/sidenamn>', '<lengre namn eller den same forkortinga>'}. --Njardarlogar (ordskifte) 27. juli 2016 kl. 15:56 (CEST)[svar]

Det høyrest lovande ut. Men eg lurer samtidig på om ikkje mange av opplysingane i taksomalen kunne hentast inn frå Wikidata, slik som status, utbreiingskart, kven som har klassifisert det og kva tid, kanskje til og med systematikken. Det siste er kanskje ikkje så lett, dessverre. --Ranveig (diskusjon) 27. juli 2016 kl. 17:07 (CEST)[svar]
Om du tenkjer på {{TaksoboksLua}}, so er den malen enno på eit noko tidleg stadium. Eg legg vel til Wikidata der etter kvart når han er meir vaksen.
Ei utfordring knytt til Wikidata når det gjeld rangane, er kor mange rangar som skal inkluderast for ein art - alle? Eit fast utval? Spesifisert av argument i artikkelen?
Når det gjeld kven som har klassifisert ein art eller rang, er eit mogeleg problem formateringa. Eg anar ikkje kvifor det finst ulike format for dette; kvifor nokre er med parentes og andre ikkje, til dømes. Men dersom formatet ikkje har noko å seia, er det jo berre å laga sitt eige faste format for malen ut frå rådataa. --Njardarlogar (ordskifte) 27. juli 2016 kl. 17:46 (CEST)[svar]
Ja, det er nok lurt å ta det sakte. Tenkte berre eg ville nemna kva som kunne vore nyttig etter å ha sett modular i bruk på Mal:Infoboks vitskapsfolk. Men det er rett at det er vanskeleg. For nokre artar vil det vera fælt mange ranger om ein skulle ta med alle - kanskje det kunne reduserast til tre trinn opp og så rike, eller noko slikt.
Parentesane tyder noko, eg trur det som står i innleiinga av en:Binomial nomenclature gjeld her. Men når eg ser etter så ligg ikkje alle klassifiserar-namna så presist på Wikidata som ein kunne venta, så då er kanskje det beste å gjera det for hand for no. --Ranveig (diskusjon) 28. juli 2016 kl. 11:06 (CEST)[svar]
Held fram ordskiftet på Maldiskusjon:TaksoboksLua. --Njardarlogar (ordskifte) 29. juli 2016 kl. 12:59 (CEST)[svar]