Maldiskusjon:Wikipedia Hovudside Wikipedia-nytt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nytt eller Nyhende?[endre wikiteksten]

Eg likar ikkje forma nyhende noko særleg... Nytt er fullt brukande på nynorsk, og nyhende er lite bruka i store deler av nynorskområdet. Kling litt for stivt for meg... Men dette er mi personlege meining. Kva tykkjer de? -- Olve 04:55, 14 Oct 2004 (UTC)

Einig BjarteSorensen 07:10, 14 Oct 2004 (UTC)
Heilt samd i det! Jarle 07:53, 14 Oct 2004 (UTC)
Eg tykkjer også at nyhende høyrest litt stivt ut, men ikkje for stivt. Grunnen til at eg skifta var i grunnen den at eg tykkte sidetittelen på Wikipedia:Wikipedia-nytt ikkje trengte innehalda Wikipedia to gonger. Problemet med å endra det til Wikipedia:Nytt i staden for Wikipedia:Nyhende er at eg tykkjer ikkje det seier kva Nytt det er snakk om, det er så mangt som kan vera nytt for meg, ikkje berre "nye hendingar"/"nyheiter". Det er altså ikkje spesifikt nok, tykkjer eg. I denne samanhengen kan ein jo likevel kalla det for Wikipedia-nytt, og behalda Wikipedia:Nyhende som tittel på den sida. Det er Wikipedia:Wikipedia-nytt og Wikipedia:Nytt eg har problem med, ikkje Wikipedia-nytt.
Eg tenkte meg det var derfor du hadde endra frå nytt til nyhende. Men eg ser då ingen problem at sidetittelen inneheld Wikipedia to gonger. BjarteSorensen 08:27, 14 Oct 2004 (UTC)
Kva med tre gonger, Wikipedia:Wikipedia-nytt om Wikipedia;-) Det er då verkjeleg ikkje nødvendig å skriva at nyttet handlar om Wikipedia, når det allereie er klart frå Wikipedia:.

Nå eller no?[endre wikiteksten]

Eg lurer litt på no/nå. Forma går att ein del gonger her. er sideform på nynorsk, og no kling no litt betre i øyro mine... Kva tykkjer de? Sidan dette er framsida og «ansiktet utad» for Nynorsk Wikipedia, meiner eg...? -- Olve 2. feb 2005 kl. 0956 (UTC)

At nå er ei sideform er nok grunngjeve med å gjere det lettare for austaføringar i ungdomsskulen. 'Nå' høyrest merkeleg ut i ein nynorsk konktekst. I mine øyre. --Bep 2. feb 2005 kl. 1855 (UTC)
Eg for min del seier, og skriv gjerne, nå, men eg trur me er komne fram til at hovudformer "vinn" over sideformer dersom dei to kjem i konflikt. "Offisielle" wikipediasider kan godt ha hovudformer som ein regel. -- Ranveig 2. feb 2005 kl. 2017 (UTC)
Ja, eg seier og skriv som Ranveig, men vil òg gjerne ha no i dette høvet. Bjarte 2. feb 2005 kl. 2217 (UTC)