Maliq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maliq
Rådhuset i Maliq
Rådhuset i Maliq
Byvåpenet til Maliq
Byvåpenet til Maliq
Styresmakter
Land
Region
Albania
Korçë
Geografi
Flatevidd
 - By

657 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

41 757
Koordinatar 40°42′0″N 20°42′0″EKoordinatar: 40°42′0″N 20°42′0″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Maliq kommune innafor regionen Korçë
Maliq kommune innafor regionen Korçë

Maliq er ein by og ein kommune i regionen Korçë i Albania. Kommunen ligg søraust i landet og grensar i nordvest til Elbasan, i vest til Berat.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Maliq vart slått saman med landkommunane Libonik, Gorë, Moglicë, Vreshtas, Pirg og Pojan.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Maliq.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 4 290 innbyggjarar, medan dei sju kommunane som i dag utgjer storkommunen Maliq, til saman hadde 41 757 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Korçë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Maliq og busetnadene:[2]

  • Kolanec
  • Goce
  • Gjyras
  • Bickë
  • Fshat Maliq
  • Plovisht

Referansar[endre | endre wikiteksten]