Mamlukdynastiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utbreiinga til Mamlukdynastiet

Mamlukdynastiet, Ghulamdynastiet eller Slavedynastiet var det første av fem dynasti som styrte Delhisultanatet frå 1206 til 1290.[1]

«Mamluk» tyder 'tilhøyrer' eller 'eigd' og viser til soldatar av slaveopphav som hadde konvertert til islam. Dynastiet blei oppretta av Qutb-ud-din Aybak, ein sentralasiatisk mamlukegeneral av tyrkisk avstamming. Han var ein av fleire slike generalar som oppretta sultanat etter at Muhammad of Ghor, sultanen av Ghurideriket, døydde barnlaus i 1206.[2]

Aybak døydde i 1210. Sonen hans Aram sjah kom på trona, men blei snikmyrda i 1211 av Iltutmish, som etterfølgde han.

Mamlukdynastiet blei fortrengd av Khaldjidynastiet etter at Jalal ud din Firuz Khalji leia eit opprør og kasta den siste mamluksultanen, Muiz ud din Qaiqabad.

Herskarar
År Sultan
1206–1210 Qutb Al-Din Aibeg
1210–1211 Aram Shah
1211–1236 Shams us din Iltutmish
1236 Rukn Al-Din
1236–1240 Radiyya Begum
1240–1242 Mu'izz Al-Din Bahram Shah
1242–1246 Aladdin Masud Shah
1246–1266 Nasr Al-Din
1266–1287 Sultan Baban
1287–1290 Muizz Al-Din

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sen, Sailendra (2013). A Textbook of Medieval Indian History. Primus Books. s. 72–80. ISBN 978-9-38060-734-4. 
  2. George F. Nafziger, Mark W. Walton, Islam at War: A History, (Praeger Publishers, 2003), 56.