Mammie Duchesne-Vauvert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mammie Duchesne-Vauvert
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. desember 1867
Arendal
Død

28. januar 1950 (82 år)
Porsgrunn

Yrke skribent, omsetjar, lærar
Born Finn Duchesne de Vauvert

Maren Margrethe «Mammie» Duchesne-Vauvert (8. desember 186728. januar 1950) var ein norsk forfattar, lærar og omsetjar.[1]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Mammie Duchesne-Vauvert var dotter av handelsmannen Emil Claussen og den første kona hans Maren Margrethe Schlanbusch.[1] Ho vart gift 12. januar 1895 i Austerrike med ingeniør Nils Duchesne-Vauvert (1868-1898).[2] Nils Duchesne-Vauvert vart i 1895 tilsett som direktør ved ein papirfabrikk i Torda i Siebenbürgen, og døydde der i ei ulukke tre år seinare.[3] Ekteparet var foreldre til forfattaren, journalisten, ingeniøren og flygaren Finn Duchesne de Vauvert (1895-1965). Mammie Duchesne-Vauvert vart òg kalla «Maurencie».[4]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Mammie Duchesne-Vauvert underviste tidleg på 1900-talet i tysk i fødebyen Arendal, i tillegg til at ho arbeidde med omsetjingar, blant anna av Rosalie Koch si bok Eventyr om bjergånden Rübezahl i Riesengebirge (1900). I 1920-åra skreiv ho to bornebøker; Lille-Dora og andre fortellinger for barn (1928) og Lille-Dora reiser med farfar (1929).

Mammie Duchesne-Vauvert vart gravlagd på Kyrkjegarden til austsida i Porsgrunn.[5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1928: Lille-Dora og andre fortellinger for barn, Damm
  • 1929: Lille-Dora reiser med farfar, Damm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 SAK, Arendal sokneprestkontor, Trefoldighet, F/Fa/L0008: Ministerialbok nr. A 8, 1878-1899, s. 237
  2. «Morgenbladet, mandag 21. januar 1895», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  3. «Morgenbladet, tirsdag 8. februar 1898», www.nb.no, henta 13. november 2021 
  4. Folketelling 1910 for 0903 Arendal kjøpstad: Bosted by: 0004 Arendals Kreds 38a
  5. Porsgrunns Dagblad 1950.02.02. Norge, Telemark, Porsgrunn. 1950. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]