Mannen som elsket Yngve
Mannen som elsket Yngve er ein roman av Tore Renberg. Boka vart fyrste gong utgjeven i 2003 på Oktober forlag og er også omsett til fleire språk. Filmen med same namn, som er basert på romanen, hadde premiere på norske kinoar 15. februar 2008.
Handling
[endre | endre wikiteksten]Romanen handlar om eit stort dilemma for hovudpersonen i boka – ein tenåring som går i andreklassen på vidaregåande skule i Stavanger.
Saman med kompisen Helge og kjærasten Katrine utgjer Jarle Klepp den tøffaste gjengen på skulen. Dei forfektar kompromisslause standpunkt til dei basale spørsmåla i livet: verdsordninga, musikken, hårsveisen og kven som held mål og kven som ikkje gjer det.
Den til då høgst heterofile Jarle forelskar seg i Yngve. Yngve er ein innflyttar som spelar tennis og som ligg lysår bak gjengen når det gjeld innsikt i dei store spørsmåla i livet. Jarle må vere ærleg mot seg sjølv og kjenslene sine og kjem dermed inn i eit nett av løgner overfor den gamle gjengen. Rollespelet går over styr og Jarle går brutalt på trynet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- MannensomelsketYngve.no Arkivert 2008-02-12 ved Wayback Machine. – om filmen med same namn
- Mannen som elsket Yngve-fanside
- Mathias Rust Band på MySpace