Mannskap på første «Fram»-ferda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mannskapet ombord i «Fram» på første ferda.

«Fram» forlet Kristiania 24. juni 1893, på den første «Fram»-ferda, var det tolv mann ombord som skulle vere med på ekspedisjonen. Den trettande kom med i Tromsø.

  • Fritjof Nansen, leiar for ferda, 32 år
  • Otto Sverdrup ,nestkommanderande, skipper, 38 år
  • Sigurd Scott Hansen, premierløytnant i marina, stod for metrologiske, astronomiske og magnetiske registreringar. 25 år
  • Henrik Greve Blessing, botanikar og lækjar på turen. 27 å
  • Theodor Claudius Jaacobsen, styrmann, 38 år.
  • Anton Amundsen, første maskinist, 40 år.
  • Adolf Juell, proviantforvaltar og kokk, 33 år.
  • Lars Pettersen, andre-maskinist, smed, kokk, 33 år. Han var fødd i Sverige, og oppgav til Nansen at foreldra var norske, noko som ikkje stemde[1]
  • Fredrik Hjalmar Johansen, fyrbøtar, metrologisk assistent, 26 år. Var med Nansen på sledeferd mot nord, og overvintring på Frans Josefs land
  • Peder Leonard Hendriksen, 34 år.
  • Bernhard Nordahl, elektrikar, metrologisk assistent, fyrbøtar, 31 år
  • Ivar Otto Irgens Mogstad, altmoglegmann muleg mann, 37 år
  • Bernt Bentsen, 33 år, kom med i Tromsø på svært kort varsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fritjof Nansen: Fram over Polhavet. Den norske polarfærd 1893-1896 H.Aschehoug & CO.s forlag 1897

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sannes «Fram» s 75