Mapudungun
Mapudungun | ||
Andre namn: | mapuche, mapuchedungun, chedungun (araucano, chilidungu) | |
Klassifisering: | Isolert språk | |
Bruk | ||
Tala i: | Chile, Argentina | |
Område: | Chile: Regionane Araucanía, Los Lagos, Biobío og Santiago metropol Argentina: Provinsane Neuquén, Río Negro og Chubut | |
Mapudunguntalande i alt: | 300 000–700 000 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2: | arn | |
ISO 639-3: | arn |
Mapudungun eller mapuche er det tradisjonelle språket til mapuchefolket i Chile og Argentina. Det er eit isolert språk, eller utgjer ein eigen språkfamilie saman med huilliche.

Namn[endre | endre wikiteksten]
Namnet mapundungun er sett saman av mapu, 'jord' og dungun, 'språk', slik at heile namnet tyder 'jordas språk'. Andre heimnamn på språket er mapuchedungun ('mapuchefolkets språk') og chedungun ('folkets språk'). Namn gjevne av andre grupper er mellom anna araucano og chilidungu ('Chiles språk').
Opphav[endre | endre wikiteksten]
Det finst ulike spekulasjonar om opphavet til mapundungun, og det er gjort forsøk på å kopla det til ulike sør- og sentralamerikanske språkfamiliar. I dag har språket fleire lånord frå chilensk spansk og quechua. Chilensk spansk har også lånt ord från mapudungun.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Mapudungun» frå Wikipedia på svensk, den 29. desember 2012.