Maracaibo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maracaibo
Basilica of the chinita on the night of the Nazarene procession.jpg
Styresmakter
Land Venezuela
Grunnlagd 1529
Borgarmeister Evelyn Trejo de Rosales
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2011)

1 898 770
Koordinatar 10°38′0″N 71°38′0″WKoordinatar: 10°38′0″N 71°38′0″W
Høgd over havet 10 m
Tidssone UTC-4:30 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 4001, 4002, 4003, 4004, 4005
Telefon-retningsnummer 261
Nettstad: www.alcaldiademaracaibo.gob.ve
Plassering
Venezuela - Zulia - Maracaibo.svg

Maracaibo, er hovudstaden i delstaten Zulia i Venezuela. Byen ligg på vestsida av innlaupet til Maracaibosjøen, og har 1 898 770 innbyggarar per 2011.

Maracaibo er nest største byen og har den viktigaste hamna i landet. Han har stor eksport, først og fremst av petroleum, men òg av kaffi, kakao, huder og frukt. Hamna i byen er omlastningshavn for det nordvestlege Venezuela. Byen har òg oljeraffineri og annan industri. Det er to universitet i Maracaibo, skipa i 1891 og i 1974, samt eit naturhistorisk museum.

Dette er ein av dei varmaste byane i Sør-Amerika, han har 28 °C i årsmiddeltemperatur. Maracaibo er ein moderne storby med vakre bustadstrøk, ein del velbevart koloniarkitektur, domkyrkje og lufthamna La Chinita.

Byen vart grunnlagt i 1571 som Nueva Zamora. I 1917 var folkesetnaden på 40 000 innbyggarar, det var før dei store oljefunna var gjorde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maracaibo