Hopp til innhald

Margaret Skjelbred

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margaret Skjelbred

StatsborgarskapNoreg
Fødd25. januar 1949 (77 år)
Stokke kommune
Yrkeskribent, lyrikar
Språknorsk

Margaret Skjelbred (fødd 25. januar 1949 i Stokke i Vestfold) er ein norsk forfattar. Skjelbred er utdanna psykiatrisk sjukepleiar, og arbeidde i nesten tjue år ved Vestfold Sentralsykehus. I 1983 debuterte ho litterært med diktsamlinga Det er aleine du er. Ho har gjeve ut diktsamlingar, romanar og barnebøker. Ho har også vore kåsør og laga radioprogram basert på barnebøkene for NRK. Skjelbred har arbeidd heiltid som forfattar sidan 1990, og fekk i 2004 eit gjennombrot hjå publikum med romanen Gulldronning, perledronning. Forfattarskapen har brakt henne fleire prisar.

Dei fleste av diktsamlingane hennar er skrivne på Vestfold-dialekt. Mange av dei er tonesette av Øivind Lauritzen.

Forfattaren har i fleire år budd i Nordbyen i Tønsberg.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Det er aleine du er dikt (1983) (illustrert av Harald Nordberg)
  • Skilderier dikt (1985) (illustrert av Harald Nordberg)
  • Bakkesøte, øyentrøst dikt (1989) (illustrert av Hans Gerhard Sørensen)
  • Har du sett? barnerim (1991) (illustrert av Hans Gerhard Sørensen)
  • Tom og Andersen barnebok (1993) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Du smiler mot meg fra et falmet bilde. En sonett-krans dikt (1994) (fotografi av Morten Krogvold)
  • Tom og Andersen feirer jul barnebok (1994) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Ved Jakobs løe dikt (1995) (illustrert av Hans Gerhard Sørensen)
  • Tom og Andersen drar til fjells barnebok (1995) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Hvor er Ida? barnebok (1996) (illustret av Mikael Holmberg)
  • Lerkehjerter roman (1997)
  • Tom og Andersen ved sjøen barnebok (1997) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Det er aleine du er og andre dikt i utvalg dikt i utval (1998)
  • Vildresinn roman (1998)
  • Alvemål roman (1999)
  • Tom og Andersen i byen barnebok (1999) (illustrert av Kari Grossmann)
  • Den hjerteløse risen barnebok (2000) (illustrert av Anders Kaardahl)
  • Om forlatelse roman (2001)
  • Gulldronning, perledronnning roman (2004)
  • Andrea D roman (2006)
  • Mors bok sjølvbiografisk roman (2009)
  • Du skal elske lyset roman (2011)
  • Jeg fant dikt i samling (2013)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]