Margaretakyrkja i Borgund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruinen av Margaretakyrkja
Foto: Dag Bertelsen

Margaretakyrkja var ei kyrkje i Borgundkaupangen i mellomalderen. Kyrkja låg nær sjøen på eit nes ved Klokkarsundet.

Kyrkja og presten er omtala i 1309.[1] I Aslak Bolts jordebok[2] (1432) er det ikkje ført jordegods for kyrkja. I 1587 er kyrkja omtala som øyde.[3]

Dette var ei steinkyrkje med marmorkvader. Skipet var rektangulært, men ikkje noko separat kor lot seg påvise ved ei utgraving i 1912.[4] Stein frå ruinen vart brukt til å utvide Peterskyrkja (dagens Borgund kyrkje) i 1632. Resten av ruinen er i dag synleg eit par hundre meter aust-søraust for Borgund kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Diplomatarium Norvegicum XV:1
  2. Side 131 og 135–136.
  3. Norske Rigs-Registranter II, s. 700.
  4. Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 21.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]