Mariann Wollmann Magga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mariann Wollmann Magga
Mariann Wolmann Magga (Arbeiderpartiet) (10328122065).jpg
Fødd 14. september 1966
Yrke politikar
Mariann Wollmann Magga på Commons

Mariann Wollmann Magga (fødd 14. september 1966) er ein norsk samisk politikar som representerer Arbeidarpartiet. I desember 2016 vart ho medlem av Sametingsrådet.

Ved sametingsvalet 2009 vart Magga første vararepresentant for Marianne Balto Henriksen, Knut Store og Ragnhild Melleby Aslaksen. Den 25. februar 2010 vedtok Plenumsmøtet til sametinget at medlemmar av sametingsrådet skulle tre ut av Plenumet til sametinget, og erstattast av varamedlemmene sine. Mariann Wollmann Magga overtok då Balto Henriksen sin plass som sametingrepresentant frå 1. mars 2010.[1]

Ved Sametingsvalet 2013 vart ho attvald som sametingrepresentant for perioden 2013-2017, der ho er leiar for til Nærings- og kulturkomiteen. Ho er òg vararepresentant til Samisk parlamentarisk råd, og sit som styremedlem i Reinprogrammet. På lokalpolitisk plan er ho vararepresentant for kommunestyret i Sør-Varanger kommune, og ho òg er jordskiftemeddommar i kommunen.

Før ho vart vald inn på Sametinget har ho m.a. vore kundekonsulent og EDB-konsulent. Ho er i dag sjølvstendig næringsdrivande (Rein Data) og reindriftsutøvar.

Magga er gift og har to barn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Finnmarka.no –