Marianne Auenbrugger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marianne Auenbrugger
Fødd19. juli 1759
FødestadWien
Død25. august 1782 (23 år)
DødsstadWien
OpphavAusterrike
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist

Marianne Auenbrugger (19. juli 175925. august 1782) var ein austerriksk pianist og komponist som naut stor respekt i heimbyen Wien.

Auenbrugger var dotter av legen og librettisten Leopold Auenbrugger.

Saman med systera Caterina Franziska var Marianne elev av Joseph Haydn og Antonio Salieri. I 1780 dediserte Haydn begge systrene ein syklus med seks klaversonatar (Hob. XVI:35-39 og 20). Marianne Auenbrugger, som lei av dårleg helse og moglegvis var fysisk handikappa, døydde av tuberkulose i 1782, berre 23 år gammal.[1] Til minne om Auenbrugger betalte Salieri for trykking av ein av hennar klaversonatar, og føydde til sin eigen sørgesong for sopran og klavar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi, sophie-drinker-institut.de

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Elisabeth Th. Hilscher-Fritz: «Auenbrugger, Leopold» i Oesterreichisches Musiklexikon. Onlineutgaven, Wien 2002 ff., ISBN 3-7001-3077-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]