Marit Allern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marit Allern
Fødd2. juni 1949
Sandnessjøen
NasjonalitetNoreg
Yrkedosent
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø

Marit Kristin Allern (fødd 2. juni 1949 i Sandnessjøen) er dosent i universitetspedagogikk ved UiT Noregs arktiske universitet. Ho er spesielt kjend for arbeidet sitt med å etablera standardar for mappevurdering og pedagogiske mapper i akademia. Allern er initiativtakar til, og fagleg ansvarleg for, utviklinga av konseptet Pedagogiske mapper.

Allern tok Cand.mag.-graden sin ved Universitetet i Tromsø med faga nordisk, historie og sosiologi. I 1983 fullførte ho hovudfag i nordisk språk og litteratur ved same institusjon. Tittelen på hovudoppgåva var: «KRIG. En analyse av et prosjektarbeid i ungdomsskolens 9. klasse». Ho tok i 2005 doktorgrad ved SV-fakultetet ved Universitetet i Tromsø med ein studie av implementering av mappevurdering i praktisk-pedagogisk utdanning: «Individuell eller kollektiv læringsprosess? Mappevurdering i praktisk-pedagogisk utdanning».[1]

Ho har undervisingsrøynsle frå ungdomsskule og vidaregåande skule før ho i 1999 vart fast tilsett ved Universitetet i Tromsø. I perioden 1997-98 var ho medarbeider på FUTURE-prosjektet på UNIKOM, UiT, med ansvar for fagdidaktikk i norsk. Ho var førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk og lærarutdanning ved UiT frå 2005, og har sidan då òg vore koordinator for det universitetspedagogiske tilbodet ved institusjonen. Fagområdet universitetspedagogikk vart 2013 skilt ut frå Institutt for lærarutdanning og pedagogikk og vart ein del av det nyopprettede Ressurssenter for undervising, læring og teknologi (Result).[2] Frå januar 2017 har Allern leia pilotprosjektet pedagogisk merittering ved UiT.

Verv[endre | endre wikiteksten]

  • 2005–2009: Valt prodekan for undervising ved SV-fakultetet (leiar for studieutval, medlem av fakultetsstyret og tilsettingsutvalet).
  • 2011–2013: Prodekan for utdanning for Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.
  • 2013–2017: Fagleg nestleiar på Ressurssenter for undervising, læring og teknologi (Result)
  • 2017–d.d.: Leiar for pilotprosjektet pedagogisk merittering på UiT
  • Medlem av Arbeidsgruppa til utdanningsutvalet for UH-pedagogikk i til Universitets- og høyskolerådet 2012-2014
  • Medlem av styret for Høgskulen i Narvik 1.8 .2007 – 1.8 .2011. Oppnemnt av KD som første vara, og innlemma i styret frå hausten 2007 og fast medlem 2009-2011.
  • Medlem av den utvida stipendkomiteen i Norsk Faglitterær forfattar- og omsetjarsamskipnad (NFF) i perioden 1998-2004.
  • Medlem av redaksjonskomiteen for UNIPED, tidsskrift for til universitets- og høgskulepedagogikk frå 2005 - 2014.
  • Medlem av redaksjonsråd for tidsskriftet Högre Utbildning frå 2017[3]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

{Utval)

  • Allern, Marit (2002). «Og når jeg klarte å bli omvendt, så tror jeg nok at læringa må være god», UNIPED 24 (2) (s. 44 – 53).
  • Allern, Marit (2003). «Med én fot i det gamle?», i Dysthe, O. & Engelsen, K. S. (red.) Mapper som pedagogisk redskap. Perspektiver og erfaringer. Oslo: Abstrakt forlag (s. 237 – 256).
  • Allern, Marit (2005). Dr. polit. Tittel på avhandlinga: Individuell eller kollektiv læringsprosess? Mappevurdering i praktisk-pedagogisk utdanning, SV-FAK, UiT juni, 2005
  • Allern, Marit (2007). Innovasjonsteori og mappevurdering, nye perspektiver? Norsk pedagogisk tidsskrift 91(1), (s. 31–42).
  • Allern, Marit (2009) Mappevurdering – bidrag til en læringskultur i endring. I: Haugaløkken, O. m.fl. (red.): Tekstvurdering som didaktisk utfordring. Oslo: Universitetsforlaget (s. 55–62).
  • Allern, Marit (2011) Scholarship of Teaching and Learning (SoTL9 i Norge. Pedagogiske mapper som bidrag til den pedagogiske diskurs. UNIPED 34 (2) (s. 20-29).
  • Sandvoll, Ragnhild og Allern, Marit. (2014) «Undervisningsplanlegging» i Stray, J. H. og Wittek, L. (red.) Pedagogikk – en grunnbok. Oslo: Cappelen Damm Akademisk (s. 307–317)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Individuell eller kollektiv læringsprosess? Mappevurdering i praktisk-pedagogisk utdanning. Avhandling.» (PDF). 
  2. «Result - UiT». 
  3. «Tidsskriftet Högre Utbildning».