Marjatta Kajosmaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marjatta Kajosmaa

Statsborgarskap Finland
Fødd 3. februar 1938 (86 år)
Veckelax
Yrke langrennsløpar, skihoppar
Høgd 169 centimeter
Marjatta Kajosmaa på Commons

Marjatta Kajosmaa (fødd 3. februar 1938) er ein finsk tidlegare langrennar frå Vehkalahti heilt sør og langt aust i Finland. I tida 1970-76 vann ho fire OL-medaljar og to VM-medaljar, fire i sølv og to i bronse.

Kajosmaa meisterskapsdebuterte med to femteplassar i dei individuelle tevlingane under Vinter-OL 1968 i Grenoble. To år seinare vann ho sølvmedaljen på 10 km og ho gjekk Finland inn til bronse i 3 x 5 km stafett då Ski-VM 1970 vart arrangert i Strbske Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia. Under vinterleikane 1972 i Sapporo tok ho medaljar i alle tre langrennsøvingane for kvinner. Etter bronsemedalje på 10 km sikra ho seg sølvmedaljen på 5 km, fem sekundar bak vinnaren Galina Kulakova, og ho avslutta med å gå Finland inn til sølv i 3 x 5 km stafett etter at Helena Takalo og Hilkka Kuntola hadde gått gode etappar. Fire år seinare tok dei same tre finske langrennarane, pluss Liisa Suihkonen, eitt nytt stafettsølv ved OL 1976 i Innsbruck, då øvinga heitte 4 x 5 km stafett. Både i 1972 og -76 vart Sovjet-kvinnene for sterke.

Kajosmaa vann sju tevlingar under Holmenkollrenna, med dobbeltsigrar i 1969, -72 og -73, samt siger på 10 km i 1971. Ho vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1971.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar