Mark Hallman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mark Hallman
Fødd1. august 1951 (71 år)
FødestadBenton Harbor, Michigan i USA
OpphavUSA
SjangerRock, indierock, alternativ rock, americana
InstrumentKlaverinstrument, gitar, bass, trommer, vokal
Tilknytte artistarCarole King, Dan Fogelberg, Ani DiFranco, Navarro
Verka somProdusent, lydteknikar, låtskrivar, multi-instrumentalist

Mark Hallman (fødd 1. august 1951) er ein USA-amerikansk produsent, låtskrivar, lydteknikar og multi-instrumentalist. Han har arbeidd med Carole King[1] (spelte på seks av albuma hennar som musikar og produsent), Ani DiFranco og Eliza Gilkyson.[2]

I midten av 1970-åra var han ein av dei to fremste musikarane og låtskrivarane i rockebandet Navarro frå Boulder i Colorado. Navarro gav ut to album på Capitol Records, Listen i 1977 (produsert av Hallman) og Straight From the Heart i 1978.

I 1995 valte Ani DiFranco å spele inn albumet Dilate i studioet til Hallman, Congress House. Songen «Glass House» vart spelt inn med Hallman som ein av lydteknikarane på albumet til DiFranco frå 1999, Little Plastic Castle, som vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege rockevokalist.[3][4]

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

År Album Artist Rolle
2015 Restless Ones Heartless Bastards lydteknikar, miksing
2011 Roses at the End of Time Eliza Gilkyson miksing, mastering, musikar, vokalharmoni
2008 Cinderblock Bookshelves Rain Perry produsent, lydteknikar, miksing, musikar
2007 Pure and Crooked/Skeleton Keys Iain Matthews produsent, lydteknikar, miksing, musikar
2003 Evolve Ani DiFranco lydteknikar
1998 Little Plastic Castle Ani DiFranco lydteknikar
1996 Dilate Ani DiFranco lydteknikar
1994 Time Gone By Carole King produsent
1977 Listen Navarro musikar
1977 Simple Things Carole King musikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hoerburger, Rob (8. mai 1982). «Close Up». Billboard. Henta 21. januar 2016. 
  2. «Mark Hallman at All Music». AllMusic. Henta 13. januar 2016. 
  3. Kaufman, Gil (11. desember 1997). «Ani DiFranco Takes Chances On Little Plastic Castle». MTV. Henta 23. mai 2022. 
  4. Benzuly, Sarah (1. mai 2001). «Ani DiFranco: Stretching Beyond the Periphery». Mix Magazine (New Bay Media, LLC). Henta 25. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]