Marknadsfundamentalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Marknadsfundamentalisme er eit nedsetjande uttrykk retta mot sterk tru på moglegheitene til laissez-faire eller fri marknadsøkonomi .

Kritikarar av den frie marknadsøkonomien har brukt dette uttrykket for å setje namn på det dei meiner er ei misforstått tru på marknaden gir den største moglege velstand til folket og at all innblanding i denne reduserer den sosiale velferda. Kritikarane brukar uttrykket fundamentalisme om den usvikelegge trua, trass motsette prov, på at ein uregulert marknad maksimerer individuell fridom og minskar økonomisk vekst og framsteg. Fundamentalistomgrepet vert også nytta om trua på at marknaden arbeider mot ei naturleg likevekt og at eit samfunn er best tent med at medlemane får lov til å dyrke sine eigne finansielle interesser mest mogleg uhindra av reguleringar. Kritikarane hevdar og at i moderne samfunn med verdsomspennane konglomerat og store selskap har individa eller samfunna ikkje forsvar mot skadeverknadar av produkt som maksimerer profitten for produsentane. I følgje økonomen John Quiggin vert standarduttrykket "økonomisk fundamentalismeretorikk" brukt i "dogmatiske" påstandar om at folk med eit kritisk syn på marknadsøkonomien ikkje er verkelege økonomar.

Historia til konseptet[endre | endre wikiteksten]

Medan uttrykket "marknadsfundamentalisme" oppstod relativt nyleg er konseptet økonomisk liberalisme mykje eldre; ideane kom sterkt i 18. hundreåret, med arbeida til Adam Smith og Jean-Baptiste Say. Det var berre i 20. hundreåret at det relativt sofistikerte språket i Smith sinne verk vart reformulert av økonomar som Friedrich Hayek, Joseph Schumpeter og Milton Friedman. Dette resulterte i ein resept for ein frimarknadøkonomi, med desse punkta:

  • deregulert business og handel
  • restriksjonar på statleg innblanding
  • la entreprenørskap og fri flyt på kapitalen generere velferd for alle som tek del i økonomien

Etter innflytelsen frå Friedman såg ein denne økonomien praktisert i Chile under Augusto Pinochet sitt regime i 1970-åra, i statsminister Margaret Thatcher sitt styre i UK (Thatcherisme) og president Ronald Reagan sitt styre i USA (Reaganomics).

Seint i 1980-åra kom der nye forskrifter frå ulike hald, retta mot kriseramma nasjonar. Desse kom frå Bretton Woods-systemet, Washington-baserte finansinstitusjonar, (Det Internasjonale Pengefondet og Verdsbanken) og USA sitt finansdepartemet og førte til Washingtonkonsensusen. Desse standardforskriftene inkluderte tiltak som å eliminere statlege subsidiar, flytte sosiale kostnadar til utvikling av infrastrukter, og reduserte skattar. Eller som Stiglitz oppsummerte; eit universalsett av økonomiske tiltak: "stabilisere, liberalisere og privatisere".

Historia til uttrykket[endre | endre wikiteksten]

Uttrykket "market fundamentalism" (marknadsfundamentalisme) vart popularisert av forretningsmagnaten og filantropen George Soros i boka The Crisis of Global Capitalism (1998), der han skriv "Denne ideen vart kalla laissez faire i det nittande hundreåret. ... Eg har funne eit betre namn: marknadsfundamentalisme (market fundamentalism)." P. Sainath trur at Jeremy Seabrook, ein journalist og kampanjemann var den første til å bruke uttrykket. Uttrykket vart brukt av John Langmore og John Quiggin i boka Work for All (1994).

Uttrykket er no til dags (2012) brukt av ulike forfattarar som skriv om økonomiske emne for å statuere skepsis til ei overdriven tru på at marknaden har dei beste vilkåra for å løyse problema i samfunnet. Uttrykket vert vidare brukt for å gi ein negativ assosiasjon til grupper som talar sterkt mot all slags statleg regulering og inngrep og forsvarar ein "totalt" fri marknad. Det vert og brukt til å imøtegå argumenta til dei som framhevar føremonane med ein "radikal frimarknadsøkonomi" eller, med Soro sine eigne ord, mot "ideologien" som "har sett finanskapitalen i førarsetet.

Lenkar[endre | endre wikiteksten]

Longview Institute page on Market Fundamentalism

Kjelder[endre | endre wikiteksten]