Marquesasøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marquesasøyene
Îles Marquises/Te Fenua ‘Enata/Te Henua Kenana
øy
Flagg
Land  Frankrike
Region Fransk Polynesia
Del av Polynesia
Høgd 1 230 m m
Areal 1 049 km² km²
Folketal 8 632[1]
Kart
Marquesasøyane
9°0′ S 139°30′ W
Wikimedia Commons: Marquesas Islands
Kart over Marquesasøyane

Marquesasøyane er ei gruppe vulkanøyar i Stillehavet. Dei høyrer til Fransk Polynesia, eit fransk oversjøisk territorium.

I 2007 budde det 8 632 personar på den 1049 km² store øygruppa, fordelt på 15 øyar. Nuku Hiva er øya med flest innbyggjarar (2 260 personar).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Marquesasøyane blei først folkesett av polynesiarar ca. 100 år f.Kr. Dei kom truleg frå Samoa.

Øyane fekk namn etter den spanske utforskaren Álvaro de Mendaña de Neira, som kom til dei den 21. juli 1595. I 1842 gjennomførte Frankrike ein militæroperasjon der dei gjorde krav på alle øyane. Dei blei seinare ein del av Fransk Polynesia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (fr) «Recensement de la population 2007» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 3. desember 2007. Henta 2. desember 2007. 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.