Marsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Marsj i musikk)
Denne artikkelen handlar om musikktypen. For gongeforma, sjå marsjering.
Marsjen «The White Cockade» framført av U.S. Marine Band.

Marsj er ein musikalsk sjanger som er karakterisert av ein markert og fast rytme i to- eller firedelt takt.[1] Opphavleg vart denne musikken skriven for at ein skulle marsjere til han, og som oftast vart han framført av eit militærorkester. I stemning varierer marsjar frå den rørande dødsmarsjen i Richard Wagners Götterdämmerung til dei meir tøffe militærmarsjane av John Philip Sousa og bruremarsjane seint på 1800-talet.

Døme på den varierte bruken av marsjar kan ein finne i Beethovens Eroica-symfoni, i militærmarsjane til Franz Schubert, i marche funèbre i Chopins Sonate i h-moll, i sørgemarsjen i Händels Saul og i den tyske militærmarsjen Alte Kameraden av Carl Teike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «marsj» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]