Martin Conway
Martin Conway | |
![]() | |
Fødd | 12. april 1856 Rochester i Kent |
Død | |
Yrke | oppdagar, politikar, universitetslærar, historikar, kunsthistorikar, fjellklatrer, kartograf, skribent, plantesamlar, kunstsamlar |
Martin Conway på Commons |
William Martin Conway (12. april 1856–19. april 1937) var ein engelsk kunstkritikar, politikar kartograf og fjellklatrar.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Conway var professor for kunst ved University of Liverpool frå 1884 til 1887 og professor i kunstvitskap ved University of Cambridge frå 1901 til 1904. I tida 1918 til 1931 representerte han Conservative Party i det engelske parlamentet. Han blei adla og fekk rett til å bere tittelen 1st Baron Conway of Allington i 1895.
Fjellklatring[endre | endre wikiteksten]
Som student klatra Conway mykje i Alpane. I 1881 gav han ut Zermatt Pocketbook og han står bak fleire namn på fjell i Alpane, til dømes Wellenkuppe, Windjoch og Dent du Requin.
I 1892 leia han ein ekspedisjon i Baltoro Muztagh-området rundt K2 og gav namnet Concordia til området der Baltorobreen flyt saman med Godwin-Austen-breen.
Biografi[endre | endre wikiteksten]
- No Man’s Land. A History of Spitsbergen from Its Discovery in 1596 to the Beginning of the Scientific Exploration of the Country. University Press, Cambridge 1906