Maskinpistolen PPD
PPD vart utvikla i Sovjetunionen av Vasilij Degtyarjov. Han var i stor grad ei etterlikning av den tyske Bergmann MP28, men skulle bruke den nye sovjetiske pistolpatronen 7.62x25mm Tokarev.
PPD bruka eit stort trommemagasin kopiert frå den finske M31 Suomi, men kunne òg bruke eit vanleg boksmagasin.
PPD vart teken i bruk av Den raude armeen i 1935 som PPD-34. I 1938 og 1940 vart han litt endra, slik at vi får type-nemningane PPD-34/38 og PPD-40. Men PPD var for komplisert og dyr å produsere i store tal, og vart under krigen erstatta av PPSh-41, som var både betre og billegare.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Basic notes on PPD-34 and PPD-40 - in Russian language Arkivert 2011-09-19 ved Wayback Machine.
- ППД-1934\38\40 - PPD-34, PPD-38 and PPD-40 - in Russian language
- Finnish Army Submachine Guns
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
Den engelskspråklege wikipediaen, art. PPD-41, som lesen 22. juni 2009.