MasterCard
Hopp til navigering
Hopp til søk
MasterCard er eit fleirnasjonalt selskap med verksemd innan betalingstransaksjonar og då spesielt korttransaksjonar med debet- og kredittkort som ber logoen til selskapet, MasterCard. Selskapet blei skipa i 1966 under namnet Master Charge. Betalingskort til selskapet vert utskrivne av ei rekkje store bankar i alle verdsdelar, det finst brukarstadar i 210 land og territorium og innehavarar av korta kan ta ut kontantar i over to millionar minibankar.
I Noreg har MasterCard fleire utstedarar. Dei aller fleste bankar har høve til å tilby MasterCard-kort til sina kundar, anten produsert sjølv eller frå ein annan leverandør.
Hovudkvarteret til MasterCard ligg i New York i USA.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «MasterCard» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2018.