Mátra

Koordinatar: 47°53′N 19°57′E / 47.883°N 19.950°E / 47.883; 19.950
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Matra)
Mátra i Ungarn
Kékestető (1014 moh)

Mátra (slovakisk: Matra) er ei fjellkjede nord i Ungarn mellom byane Gyöngyös og Eger. Det høgaste fjellet i landet, Kékes (1014 moh) ligg i Matra.

Mátrafjella er ein del av Dei nordungarske mellomfjella, som igjen er ein del av Karpatane. Fjellkjeda ligg mellom dalane til elvane Tarna og Zagyva. Mátrafjella kan delast inn i fleire mindre område. Det høgaste området i Vest-Mátra er Muzsla. Sentral-Mátra består Mátrabércplatået (Mátraryggen) og ei gruppe vulkanske kjegler kalla Galyatető and Kékes. Bratte og kvasse fjellsider og urer ligg om ein annan og er dekte av bøkeskog. Slakare skråningar og dalar strekkjer seg sørover, den største av desse er Nagy-völgy (Stordalen). Dei nordlege delane av fjellkjeda heiter Mátralába (Foten av Mátras). Dette er eit åskledd område med 250-400 meter høge vulkanar og stort sett dyrkbar mark.

Byar og tettstadar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

47°53′N 19°57′E / 47.883°N 19.950°E / 47.883; 19.950