Bøk
Bøk | |
![]() Bøk | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av bøk | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Fagaceae |
Underfamilie: | Fagoideae |
Slekt: | Bøkeslekta Fagus |
Art: | Bøk F. sylvatica |
Vitskapleg namn | |
Fagus sylvatica |
Bøk eller bok (Fagus sylvatica) er lauvtre frå slekta Fagus i bøkefamilien. Bøk veks naturleg nokre få stader i Sør-Noreg.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Blada er lêraktige og ovale med mørkegrøn overside. Dei kan ha takka eller glatte kantar. Blad og frø inneheld alkaloidet fagain.
Bøk kan danna vidstrekte skogar med tre på opptil 40 meter. Eit tre kan bli 2–400 år gammalt.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Bøk gjev eit tungt trevyrke som gjerne søkk i vatnet. Treet er verdifullt og blir særleg brukt til å laga parkett og møblar, men òg til ispinnar og kjøkenreiskapar.
Namnet på treslaget er nært i slekt med bok, og har truleg opphavleg vist til ei plate av bøketre der ein rissa inn runeteikn.
Bøk i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Bøk er det treslaget som innvandra sist til Noreg, for om lag 2 000 år sidan. Bøk er svært skuggetolande, og vil i delar av Vestfold, Telemark og Agder danna klimakssamfunn om skogen får skjøtta seg sjølv. Sjølv om det er i desse områda ein finn dei viktigaste bøkebestandane i Noreg, veks verdas nordlegaste bøkeskog i Lindås i Nordhordland.
Bøk er fylkesblomster i Vestfold.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
- Bøkevariantar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bøk» frå Wikipedia på bokmål, og «Beech» frå Wikipedia på engelsk den 27. desember 2005 k.
- Etymologi
- Oxford English Dictionary
- Alf Torp og Hjalmar Falk: Etymologisk ordbok ovr det norske og det danske sprog (1903–1906, faksimileutgåve 1991 Bokklubben Kunnskap og Kultur)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Den virtuella floran - bøk
- Nettflora - bøk Arkivert 2005-04-04 ved Wayback Machine.
- Botanisk museum Arkivert 2008-05-27 ved Wayback Machine.