Matrise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei matrise er ein rektangulær tabell med tal. Matriser er nyttige fordi dei gjer det enklare å handtere store mengder data. Dei blir mellom anna bruka for å løyse likningssystem og i regresjonsanalyse.

Dei horisontale linene i ei matrise blir kalla rader, mens dei vertikale linene blir kalla kolonnar. Kvart enkelt tal blir kalla eit element. Ei matrise med m rader og n kolonnar nemner vi som ei m×n-matrise, og m×n er dimensjonen til matrisa.

Kvar rad og kolonne kan sjåast på som ein vektor, noko som utnyttast til å løyse likningssystem.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Eit døme på ei 4×3-matrise kalla A:

Elementet A[2, 3] eller a2, 3 i matrisa A er 7.

Matrisa R er ei 1×9-matrise. Alternativt kan vi seie at dette er ein 9-elements radvektor.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]