Mazar-e Sharif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°42′N 67°07′E
Mazar-e Sharif
by
none
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Koordinatar 36°42′N 67°07′E
Høgd 357 m
Folketal 693 000 (2015)
Tidssone Afghanistan Standard Time (UTC+4:30)
Wikimedia Commons: Mazar-e-Sharif

Mazar-e Sharif, også skrive Mazar-i Sharif, er den tredje største byen i Afghanistan, med eit folketal på 693 000 (2015).[1] Han ligg nord i landet og er administrasjonsstad for Balkh-provinsen .

Mazar-e Sharif ligg 300 km nordvest for Kabul, i ein elveoase nær Balkh. Ein stor del av innbyggjarane i Mazar-e Sharif er tadsjikarar eller usbekarar.

Industrien omfattar kornmøller og produksjon av silke- og bomullstekstilar.

Mazar-e Sharif er rekna som ein heilag stad i Afghanistan. Særleg sjiamuslimar valfartar til Imam Ali-moskeen i byen, der kalifen Ali skal vera gravlagd.

Mazar-e Sharif var sentrum for afghansk Turkestan frå 1852.

Under Taliban-regimet var Mazar-e Sharif ein viktig motstandsby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The State of Afghan Cities Report 2015». http://unhabitat.org/books/soac2015/. Henta 21 October 2015.