Medaljen for edel dåd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Medaljen for Edel Dåd i gull med portrett av Harald V, advers uten band.
Foto: Ingrid Austlid Rise

Medaljen for Edel Dåd vart stifta ved kongeleg resolusjon 19. august 1885. Denne blir delt ut for heiderlege handlingar i samband med berging av liv eller likeverdig handling. Han er delt i gradane gull og sølv. I gull blir han delt ut for usedvanleg framifrå bergingsdåd der redninga har vore til fare for livet til den som utførte berginga. Begge medaljane er utstyrte med krone. På adversen er Kong Harald V sitt portrett med omskrifta «Harald V, Norges Konge». På reversen er det ein eikekrans som slyngar seg om orda «For edel dåd». Medaljen skal berast i band med dei norske nasjonalfargane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]